torsdag 29. mars 2012

Human-Etisk Forbund






Human, tyder menneske. Og dette er grunnlaget for Human-Etisk Forbund. Humanistane fokuserer på livet her og no, tankane på menneskelivet, utan at dei trur på nokon gud.
    




  • Human-Etisk Forbund er internasjonalt og samarbeider med humanistar over heile verda. Forbundet vart stifta i Amsterdam i 1952.
  • Målet deira er å at alle skal få leve verdige liv.
  • HAMU er ein kjelde til fobundet sitt arbeid og er ein hjelpeorganisasjon. Dei har fleire prosjekt i bl.a. India og Nepal, der dei hjelp menneske som vert behandla stygt eller slit med undertrykking. Særleg hjelp får kvinner og barn.
  • Menneskerettane er også ein viktig del av Human-Etisk Forbund sitt arbeid.
  • I Noreg vart Human-Etisk Forbund stifta i Oslo i 1956 og idag har dei over 79 000 medlemmar.
                                                   

  • Etikk, er òg viktig for humanistane. Korleis menneske skal leve og oppføre, tenkjer dei mykje på. Den gylne regelen, er svært sentral, men dei kallar det gjensidigheitsprinsippet. "Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du og gjere mot dei."
  • Mennekse skal ta ansvar og stå for moralske avgjerder. Dei skal vere glade og spre glede i forhold til andre menneske og mot naturen.

                                                 
                                                    Etikk handlar om likevekt                                                   

  • Humanetikarane/humanistane har ikkje kyrkjer, men forsamlingshus. Det er ofte rådhus, kulturhus, eller andre plassar som høver til seremoniane.
  • I staden for vår dåp, held dei namnefest for små barn.
  • Vi har kristeleg konfirmasjon, medan dei har ein borgarleg. Der har dei lagt vekt på ei humanetisk undervising, med tanke på gjensidigheit, ansvar og respekt.
  • Human-Etisk Forbund arrangerer også bryllup og begravelsar.
Her er to jenter som har hatt borgarleg konfirmasjon
                                     

  • Human-Etisk Forbund ser på mann og kvinne som likestilte på alle plan. Dei meinar òg at sambuarskap og ekteskap er likerverdige og at menneska individuelt må finne ut korleis dei samlivet skal fungere.
  • Barn ser dei på positivt og synest det er viktig at dei får ein trygg og god oppvekt og lever i eit bra miljø.
  • Ein del av barnas "oppdragelse" er å fortelje dei om konsekvensar av ting dei gjer i staden for å tordne fram med "rett og gale."
                                                        
Kjelder: Under same himmel 3

Bilde 1.
Bilde 2.
Bilde 3.
Bilde 4.
Bilde 5.

                                

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar