I jødedommen finst det berre ein Gud, og Gud er èin. Jødedommen si truvedkjenning viser dette: "Høyr Israel, Herren vår Gud, Herren er èin." Gud er skaparen av himmelen og på jorda, og er evig. Ingen har sett Gud. Gud viser om eit menneske har gjort noko bra, så lønner han dei. Dette er for å unngå at dei gjer handlingar som er gale mot Gud og menneske. Folket kan vende seg direkte til han. Dei gjer dette gjennom personlege bønner. At mennesket er skapt i Guds bilete, er at mennesket er utstyrt som er betre enn ved dyra, det skiljer mellom dyr og mennesket. Gud og menneske er like mykje verde. Jødane tok imot toraen, og då forplikta dei seg å leve etter dei reglane som står der. I gjenngjeld lova Gud landet Israel.
Mennesket har likskapar med Gud, og kan skilje mellom kva som er rett og gale. Jødedommen lærar at mennesket og verda i utgangspunktet er gode. Skapingsoga: "Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt." (1 Mos. 1.31.) Mennesket var fødd utan synd og alle mennesker er like mykje verd. Kroppen har ein kropp og ei sjel. Kroppen er frå jorda, medan sjela er frå himmelen. Mennesket har anlegg for og gjere både godt og vondt. Det gode kan samanliknast med samitet. Samvitet er det som seier ifrå når ein er i ferd med og gjere noko gale. Det vonde kan knyttast til egoisme. Egoisme er ikkje dårleg, men viss det går utover andre eller Gud er det gale. Synd i Jødedommen handlar om at ein går i mot Gud, og ikkje oppfyller dei pliktene jødane har ovanfor medmenneske og Gud. Som tidlegare nemt: alle har ei sjel, og vi kan velje mellom det vonde og det gode. Kvart enkelt menneske står bak handlingane sine, og ein kan ikkje skulde på andre viss ein har gjort noko gale. Jødedommen lærer også at ikkje noko menneske berre kan gjere gode handlingar. Verda blei skapt for menneska, men vi må og take vare på skaparverket.
"Du skal ikkje gjere mot din neste det du ikkje vil at nokon skal gjere mot deg." Dette er den viktigaste etiketten i Jødedommen. Etikett er læra mellom rett og gale. Jødedommen lærar at kvinner og menn er like mykje verde, med med ulike religiøse plikter. Mannen sine plikter er knytte til faste tider, og det religiøse livet utanfor heimen. Kvinnene har ansvar for det religiøse livet i heimen. Innanfor ortodoks jødedom kan ikkje kvinner bli rabbinar. Ein rabbinar er ein religiøs leiar som er utdanna i den jødiske forsamlinga. Innanfor andre retningar kan kvinner bli rabbinarar.
Den 4.november.2011, vart ei kvinne i Tyskland via til rabbinar. Dette har ikkje skjedd sidan den andre verdskrigen. (kjelde: http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10034608)
Kjelde:
Tekst - Under Same Himmel 3
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlett