torsdag 10. mai 2012




Kva seier religionane om livet etter døden?


Kristendommen joh. 3.16 for så elska Gud verda at han gav son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikje skal gå fortapt men ha evig liv.
      Jesus døydde for menneska på korset. Dermed opna han vegen til himmelen etter døden. Vi skal få forsoning for syndene våre og ha evig liv. Det skal vere nok å tru på Gud. Men allikavel snakkar vi om eit helvete..?
      Joh. 3.16 er grunnlaget for den kristne tru og er kala den vesle bibelen. Idag debbaterast det om det livet ein lev no vil ha nok å sei for kvar ein hamnar etter døden. Det er to sentrale "retningar": nokre meiner at Guds mektige kjærighet fordømmer ingen og at alle vil verte tilgjevne. Det andre synet legger vekt på Guds absolutte heilagdom og meinar syndarar skal lide ei evig straff.

I Jødedommen lengtar dei etter ei rettferdig verd, og håpar på ei avgjerd basert på rettferd etter døden. Både ortodokse og pregressive jødar trur på sjela's udødelighet, men berr ein liten prosent trur at det finst eit helvete. Den endelige dommen skal Gud stå for og kvar einaste gode handling på jorda vil telle positivt.


Muslimar som ligger for døden gjentar ordet "Shahada", som betyr  "Det er ingen gud uten Allah, og Muhammed er hans profet."
    I den islamske trus femte artikkel står læra om livet etter døden. Profeten Muhammed har lært om oppstandelsen etter døden og dommen på ytterste dag. Det går ut på at livet og alt som finst i verda ein gong vil ta slutt på ein bestemd dag. Det er berre Gud som veit når dette vil skje, dommedagen kallast Qiyamah, betyr den ytterste dagen.
    På dommedag vil engeleg Israfil blåse i trompeten sin og vekke alle døde frå gravene sine.
                            

Buddhismen seier at alt forandrer seg, ingenting er evig. Etter dette livet vil det komme eit nytt liv, og mennesket blir født igjen og igjen i millionar av år...
   Ein gjenfødast i ein uendeleg rundgang, og å oppnå dette kallast Nirvana. Det går ikkje an å forklare heitl kva det eigentleg meinast med Nirvana, men Buddah brukte bilder av ein flamme som slukka fordi det ikkje var nok meir å brenne, for å illustrere.

For å nå nirvana må man etterleve den åttendelte vei:1. Rett kunnskap
2. Rett holdning
3. Rett tale
4. Rett handling
5. Rett levemåte
6. Rett streben (anstrengelse)
7. Rett sinn (ettertanke)
8. Rett meditasjon (selvfordypelse)

                         
Hinduane trur at når ein døyr, er det berre kroppen som dør, medan ånda eller sjela lever fleire gongar i forskjellige tilstandar. Hinduens karma vil vere avgjerande for kva du blir født som i ditt neste liv og dei kan ikkje huske nok frå sine tidlegare liv og tilstandar. Denne gjenfødinga gjentek seg heilt til Moksha inntreff, som vil seie at ein vert befridd frå gjenføding og død.
   Det gjeld å leve så bra som mogleg for å få eit fint neste liv. Dei som ikkje oppfører seg bra, har også ein sjanse til å omvende seg viss dei ser at det kjem til å vere til deira fordel i neste liv.
                           


* Døden er eit av dei viktigaste temaene innanfor ein religion eller tru, men det einsate vi kan vite sikkert er at ikkje alle har rett...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar