Kristendommen: kunsten kan variere, nokre kyrkjer er rikt utsmykka, medan andre deriomot ikkje har så mykje. Kristne tenkjer at berre det beste er godt nok i Guds hus. Store vakre kyrkjer, skal symbolisere det mektige og guddommelege. Derimot dei meir enkle kyrkjene har ein tanke med å formidle eller vise Jesus sitt enkle liv på jorda.
![]() |
| ''Typisk altertavle'' i norsk kyrkje |
Eit eksemplar av islamsk kunst.
Hinduismen: i hinduistisk kunst er det ofte gudane som er avbilda. Hinduane vil framheve gudane sin åndelige tilværelse. Du ser sjeldan at det er bilete av situasjonar eller spesielle hendingar i hindustisk tru, derfor vert kunsten ofte oppfatta som symbolsk.

Bilete av Shiva & Parvati
Buddhismen: har mange kunstneriske tradisjonar og det er ingen reglar for kunsten i buddhismen. Buddah med sitt liv er ei stor inspirasjonskjelde og ein finn mange bilete og måleri av nettopp dette.
![]() |
| "Buddha under Bohidtreet" |
Jødedommen: lærer at ei ikkje skal lage bilete, statuar, eller andre formar for kunst av Gud. Kunsten har teke andre retningar, som gjennom kalligrafi, ornametikk og utsmykking.
Kalligrafi: er ein form for skrivekunst. Poenget er å utrykke det vakre budskapet gjennom ein skjønn skrift.

Ornamentikk og utsmykking: er også ein del av den jødiske kunsten. Når ein jøde les Toraen, brukast ein skrivepinne (kalla 'yad'), har ofte ornament i sølv, og Torarullane har eit vakkert klede/stoff over seg. I synagogane er det ofte fint utsmykka, spesielt moderne synagogar. Dei har glasmåling i vindauga. Andre symbol som davidstjerna og steintavlene, er eksemplar av jødisk kunst.
*********************************************************************************
Kjelder, tekst:
- wikipedia.org
- snl.no
- Under same himmel 3
Kjelder, bilete:


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar