Islam lærer at det berre er èin Gud, det er den viktigaste bodskapen i Islam. Dette kallast eit monoteistisk gudssyn, som betyr at dei trur på og tilbèr berre èin Gud. Det arabiske ordet for gud er Allah. Men i Islam reknar ein med 99 namn for Gud. Dette er namn som viser og framhevar ulike sider og eigenskapar ved Allah. Namnet "Islam" tyder underkasting eller overgiving. Det betyr å overgi seg til Guds vilje. Det kan også bety fred, og når menneska overgir seg til Gud, vil det bli fred. Dei meinar at både Jødedommen, Kristendommen og Islam har den same Guden.
Koranen er den heilage boka i Islam. Den inneheld openberringane som Muhammed mottok frå år 610 til han døydde i år 632. Koranen er delt opp i 114 kapittel som dei kallar surer. Surene er ordna slik at dei lengste står først og dei kortaste til slutt. Med unntak av den fyrste, som er ei sentral muslims bøn. Koranen avviser Kristendommen sitt syn på Jesus, som guds son, og førestellingane om at det finst fleire gudar. Du kan òg lese om rettar og etikk i Koranen. Muslimane seier at dei enno trur på at den opprinneleg koranen som Muhammed fekk frå gud, eksiterar ein stad. Koranen er ein kopi frå ei skrift som finst i himmelen. Det er berre denne dei ser på som ein "skikkeleg" Koran. Alle andre utgåver og oversettelsar er tolkingar av den heilage Koranen.
Bilete av ei utgåve av Koranen
Profetane var menneske som forkynte guds ord og kom med hans bodskap. Dei fem største profetane, eller sendebud som dei også vart kalla, var Abraham, Moses, David, Jesus og Muhammed. Muslimane seier at det ikkje vil komme nokon etter han og ser på han som den levande koranen.
Fem gongar i døgnet skal muslimane be ei fast rituell bønn (Salah). Bønnene er vitkige og dei må sørge for å gjere det til dei faste tidene i døgnet. Tidsunkta varierer i forhold til korleis sola bevegar seg på himmelen. Dei som kan, ber i ein moskè, men det er ikkje nødvendig. Bønna kan også utførast heime, på arbeidsplasen og andre stader. Men ein kan ikkje be rituelt på ureine stader, som eit toalett. For at bønna kan reknast som korrekt, må ein ha vaska seg på ein bestemt måte (wudu) og kleda må vere reine (tahir). Det er veldig viktig at ein vender seg mot byen Mekka! Menn må dekke kroppen frå livet til knea og kvinnene må dekke heile kroppen untatt ansiktet, hendene og føtene.
På dommedag blæs engelen Israfil i basunen og vekkjer alle dei døde opp frå gravene sine. Dei som fortener det vil få komme til paradiset, medan dei andre vil bli straffa med helvetet. Difor må menneska gjere gode gjerningar i livet på jorda, då vil det vere enklare å få sleppe inn i paradiset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar