fredag 11. mai 2012

Bønner i kristendommen, jødedommen og Islam

Ordet bønn er eit av dei største rituala, som feiring av høgtid. Alle folk ber på ein eller anna måte. Bønn er at ein vender seg til det heilage, til guddom som er større og mektigare enn mennesket sjølv. Når ein ber uttrykkjer takk, kjem med ønske, forventningar og bekymringar. Ein kan be for seg sjølv, andre medmenneske og verda. Dei kan be aleine eller saman med andre. Ein kan be høgt eller inni seg.

Å falde hendene kan vere ein måte og konsentrere seg om bønna.
Ein grunn til å be er om å få hjelp, eller tilgjeving. Ein kan be uansett alder.
Kristendommen


Bønn er viktig i kyrkjene, og det personlege kristne livet. Når kristne ber så ber dei i Jesu namn. Når Jesus levde på jorda, sa han til menneska at dei skulle be aleine eller saman med andre. Disiplane spurde Jesus om dei kunne lære han å be, då lærte han dei "Vår far". Alle kristne kyrkjer i verda ber denne bønna. Andre bønner er truvedkjenninga, og "Ave Maria".
Dette er typisk for kristendommen.
Krosset, og at vi faldar hendene.  

Vår Far

Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen

Jødedommen

Bønn i jødedommen har ein sentral del i jødedommen. Folket som ber bønner vender seg til Gud, aleine eller i felleskap. Kvar gang dei ber kan Gud svare. Bønner hjelper folket til å sjå inni seg sjølv, sjå si rolle i verda, og forholdet sitt til Gud. Eit rett sinnelag er viktig når ein ber. Når ein ber skal ein ha Gud i tankane sine, og vere bevisst på å oppfylle dei pliktene menneska har ovanfor Gud. Innanfor jødedom er det ulike retningar, slik som ortodoks jødedom. I ortodoks jødedom må mennene be tre gongar dagleg. Dei ber anten aleine eller saman med minst ni andre menn. Medan dei ber, må ansiktet deira vere vendt mot Jerusalem. Kvinner har ikkje eit så strengt rituale, men dei har likevel plikt til å be. Mest kjende bøna i jødedommen er "Amida", som tyder å stå. Når menn står opp om morgonen, ber dei "Shema Israel" medan dei står ved kjøkkenbordet.
Jødisk kvinne som ber ved klagemuren.





Jødisk kvinne som står ved gata og ber.
Ein jødisk mann, som står ved klagemuren og ber.

Islam

Dei må be 5 gonger per dag, og dette skjer etter spesielle ritual. Desse fem bønene er ei av dei fem søylene i Islam. Menn skal helst be i moskeen. Men det er ikkje alltid at moskeen er like nær, slik som i Noreg. Difor kan ei be desse bønene kvar som helst, men på ein rein stad. Dei må bruke eit bønneteppe når dei ber. Dei framfører bønnene på arabisk, noko som alle over heile verda gjer. Når ein ber må ein konsentrere seg om kjærleiken til Gud.




  

Ein blir aldri for ung til å be!
Islams mann som ber.


Kjelder:

- RLE boka

Bilder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar