torsdag 16. februar 2012

Religionane i verda!

Dette handlar om kva for nokre religionar som er i verda, og kva ordet religion tyder. Ordet religion tyder å vere bunden til noko, og kjem frå ordet latin.


Det som er felles for dei som høyrer til ein religion er desse punkta:
  •  Dei tilhøyrer i ein felleskap eller ein organisasjon. Som tildømes ein kyrkjelyd eller ei forsamling.
  • Dei delar ei felles tru på ein eller fleire Gudar, ei vilje og ei kraft.
  • Dei tek del i til dømes feiring av høgtider, altså nokre bestemte handlingar.
  • Dei har ei oppfatning av noko som er heilagt  
Dei fem verdsreligionane i verda
  • Kristendommen
  • Jødedommen
  • Islam 
  • Hinduismen 
  • Buddhismen
Dette teiknet er frå religionen Islam.

Dette er den sjuarma lysestanken, frå religionen Jødedommen.

Korset kjenneteiknar kristendommen.


Alle desse religionane er spreidd rundt omkring i heile verda. Jødedommen er den eldste religionen, og kristendommen stammar frå denne religionen. Nokre religionar har utgangspunkt i Midtausten er kristendommen, jødedommen og islam. Hinduismen og Buddhismen har røtene sine i India.

1 kommentar:

  1. Flott at de er i gang! Bra bruk av bilete, og fint å starte med dei viktige symbola.

    SvarSlett